«Sølverblomsterkolber»..?

av Hallvord Reiar Michaelsen Steen

Humle flyg inn i blåklokke

I diktet «Svalen» har Wergeland eit rikt blomsterflor, og midt i første del finn vi det mystiske ordet «sølverblomsterkolber». Kva slags vekst kan dette vera? Botanikar Knut Fægri har skrivi eit heilt oppslagsverk kalla «Wergelands blomster», men dette ordet har han ikkje skjønt – kanskje ikkje så rart, for ein må sjå ganske nøye på samanhengen i teksta for å finne ut av det. På nettsida diktarbiologi.net er Fægri sin hypotese referert slik:

Sølverblomsterkolbe {!}/  Liliekolbe (stuekalla) Zantedeschia aethiopica

Men i Svalen er Wergeland er ute i enga om morran, det veks definitivt ingen stue-kala der og det er heller ikkje dette han har i tankane. Slik er strofa:

Førenn engens klokker blå
ennu har begynt å gå
slagne an til ottesang
av et vindpust, med en klang
som erbødig englens skarpe øre
over sky fornemmer
hvor i deres dyp de tunge
sølverblomsterkolber runge
over alle disse stemmer
susende fra gressets harpe.

Når han skriv «i deres dyp» syner «deres» til «engens klokker blå» – så det store, fantasifulle ordet «sølverblomsterkolber» er rett og slett det bittelille sølvskimrande arret på blåklokka! Snakk om å sjå det store i det små!

Arret til blåklokkaFoto: Bente Haarstad