Prinsesse etterlyst!
av Hallvord Reiar Michaelsen Steen
Hjelp! Prinsesse etterlyst!
Er du ei jente som er interessert i teater og eventyr, gjerne busett i aksen Oslo-Hamar, og med litt tid til overs? Vi framfører stykket «Skyggen» av H.C. Andersen og må erstatte ei prinsesse som har fått det for travelt..
Om rolla: I «Skyggen» møter vi ei prinsesse som er «altfor skarpsynt» – altså for klok for samfunnet omkring henne – og vert send til eit «kurbad» for å bli dummare. Kanskje det virka? For prinsessa vert til slutt forført av skuggen som har kledd seg ut som menneske..
Prinsessa har ei lita, men viktig rolle. Det er 12 replikkar (mesteparten er korte), og litt regi å lære seg. Fordi mange av replikkane er i dialog mot video-opptak, er sans for timing viktig.
Om teaterprosjektet: Initiativtakar til «Skyggen» er meg, Hallvord Reiar M. Steen, som også har hovudrolla og står for mesteparten av regien. Sceneteknikar er Eilev Groven Myhren. Vi har vald å bruke det gode, gamle namnet Suttungteateret for dette prosjektet. Suttungteateret var og er amatørteater med store ambisjoner om formidling og kvalitet, med historie tilbake til Ingeborg Refling Hagen sitt kulturarbeid på Ekeberg på 1930-tallet og på Tangen etter 2. verdenskrig. Namnet forpliktar til grundig arbeid og formidling av god litteratur.
Interessert? Kontakt Hallvord Reiar på 48603894.