Suttungs mjød

Tankar, filosofi, pedagogikk og praksis i suttungrørsla

Month: februar, 2013

content.php

Forslag til filosofisk platform for Suttung

av Eilev Groven Myhren

Suttung er tufta på det tankegodset Ingeborg Refling Hagen vidareførde frå ei lang rekkje eldre kjelder. Gjennom valet av litteratur og arbeidsform vart det utkrystallisert nokre trekk av ein grunnfilosofi med røter attende til Heraklit, Platon og evangelisten Johannes, vidareført gjennom kyrkjefedrane og humanistisk tradisjon til Wergeland og Kierkegaard. Soleis slår filosofien bak Suttung djupe røter ned i kulturhistoria, og følgjer ei viktig filosofisk line i europeisk kulturhistorie. IRH sytte for å flette saman fleire retningar i sitt pedagogiske arbeid, men tankegodset ho bar fram, er eldre enn henne.

Sannkjenningslære. Definisjonen av ”sanning”.

Dette er truleg det viktigaste einskildpunktet. Her pla IRH å sitere Wergeland: Sannheten er én, kunnskap om eget vesen. Slik sette ho seg i ein sannkjenningsteoretisk tradisjon attende til Platon. Sitatet finst i Mennesket (Jesus-monologen). I eit intervju med Mette Janson freista ho å klårgjera dette, og la vekt på skilnaden mellom ”indre sanning” og ”empirisk konsensus”. Empiriske måleeiningar og naturvitskap reknast under ”fakta”, medan sanninga i denne forståinga ikkje kan definerast som eksakt empiri (jmfr. Gadamer: Sanning og metode). Ho sa og: ”Sannheten er det du veit om deg selv når du er alene.”

Folkeopplysing.

Medan den sannkjenningsteoretiske tanken formulert over er individorientert, vart Suttung eit folkeopplysingsprosjekt definert ut frå ei samanbinding mellom misjonsbodet og sosialistisk tankegods: Alle har krav på opplysing. Dette fører med seg at dei som har fått, skal gje det vidare. Den individorienterte sanningstanken som er definert over, inneber sjølvsagt at formidlinga vert ulik frå berar til berar, av di alle lyt finne sin metode og veg vidare. Sjølve den grunnleggjande sanningstanken legg hinder i vegen for dogmatikk. Innhald er viktigare enn form. IRH hadde og klårt for seg at ein aldri skal undervurdere folket, eller hevja seg over same, av di desse er basis for eit sunt demokrati. Her finn ein røtene hjå Rousseau, Komensky og Wergeland att (og sjølvsagt Matteus). Nøkkelsitat: Alle er et vanskelig ord. Tilhøva mellom kollektiv og individ blir eit spørsmål om samfunnspakt (Rousseau).

Mykje av tankegodset, slik det er formulert av IRH, har eldre røter. Ho var sjølv medveten på at det ikkje skulle stogge med henne, korkje på den eine eller andre måten. Ho var sjølv ein lekk i ei lang tradisjonsline.

Kultursyn og danning

Som ein direkte konsekvens av folkeopplysingstanken finn ein danningstanken. Idéen om danning spring ut av tanken om ”indre danning”, motsett ”ytre danning”, kultur sett som organisk vokster motsett eit ytre sivilisasjonsomgrep. Tanken er formulert mellom anna hjå Wergeland, men og hjå Almquist og Aasen. Grunntanken handlar om framvoksteren av ”gudsbiletet i mennesket”.

Grunnfilosofien kan finnast hjå ei rekkje forfattarar (Suttungs sentrallitterære pensum):

  • Wergeland: Mennesket
  • Dante: La Divina Commedia
  • Platon: Faidros
  • Kierkegaard: Enten-eller
  • Hagen: Livsfrisen
content.php

Grav litteratur- og teatergruppe fyller 20!

av Hallvord Reiar Michaelsen Steen

Det er 20 år sidan Grav litteratur- og teatergruppe vart stifta, og det vart markert med jubileumsforestilling og stort program. Asker og Bærum budstikke hadde stort oppslag om forestillinga:  Skjermdump av oppslag på budstikka.no

Budstikka.no har i tillegg lagt ut ei flott samling foto frå jubileumsforestillinga, og her ligg oppslaget i papiravisa i PDF-format.

Vi gratulerar Grav litteratur- og teatergruppe med jubileet!

content.php

Dato for barneleir 2013

av Hallvord Reiar Michaelsen Steen

Wergelandakademiet sin barneleir vert arrangert i veke 26, altså med oppmøte om ettermiddagen søndag 23. juni. Leirstad vert Jønnbu nær Bø i Telemark. Leiren vert leia av Signe Kydland Lysdahl, ElisabethL. Munch og Hallvord Reiar M. Steen.

Her er informasjon om leiren i fjor – datoen er altså feil, ellers vil vi følge same opplegg:

Kulturbarneleir2012

For meir informasjon, sjå nettsidene til Wergelandakademiet. For påmelding eller spørsmål, kontakt Signe på 47 24 70 03 eller Hallvord Reiar på 48 60 38 94.