Suttungs mjød

Tankar, filosofi, pedagogikk og praksis i suttungrørsla
content.php

Wergeland-jam

av Eilev Groven Myhren

Portrett av Henrik Wergeland i grønn jakke

Wergelandmaraton over tre dagar er planlagt til helga 13, 14, og 15. februar 2015, altså fredag 13, laurdag 14, og sundag 15. Kvar økt er på fire timar (fredag på kveldstid – 17:00-21:00, helgedagane på dagtid – 11:00-15:00).

På 3×4 timar skal vi lesa gjennom alle dikta i åttebandsutgåva, medrekna dei fem diktsamlingane hans (første Ring, anden Ring, Poesier, Jøden og Jødinden), i tillegg dei det som elles finst av lause dikt i åttebandsverket. Tanken er å bruke fire timar ein fredag, fire timar ein laurdag og fire timar ein sundag, for å sjå om vi greier alt frå «Til Stella» til «Den smukke familie» – utan nemneverdig kommentering. – dette er tenkt som ein freistnad på å finne ut kva for kjensler vi sit att med etter ei slik oppleving. Lesing av dikt går på omgang.

Møt opp i Orgelhuset på Ekeberg. Lett servering.

content.php

Forslag til filosofisk platform for Suttung

av Eilev Groven Myhren

Suttung er tufta på det tankegodset Ingeborg Refling Hagen vidareførde frå ei lang rekkje eldre kjelder. Gjennom valet av litteratur og arbeidsform vart det utkrystallisert nokre trekk av ein grunnfilosofi med røter attende til Heraklit, Platon og evangelisten Johannes, vidareført gjennom kyrkjefedrane og humanistisk tradisjon til Wergeland og Kierkegaard. Soleis slår filosofien bak Suttung djupe røter ned i kulturhistoria, og følgjer ei viktig filosofisk line i europeisk kulturhistorie. IRH sytte for å flette saman fleire retningar i sitt pedagogiske arbeid, men tankegodset ho bar fram, er eldre enn henne.

Sannkjenningslære. Definisjonen av ”sanning”.

Dette er truleg det viktigaste einskildpunktet. Her pla IRH å sitere Wergeland: Sannheten er én, kunnskap om eget vesen. Slik sette ho seg i ein sannkjenningsteoretisk tradisjon attende til Platon. Sitatet finst i Mennesket (Jesus-monologen). I eit intervju med Mette Janson freista ho å klårgjera dette, og la vekt på skilnaden mellom ”indre sanning” og ”empirisk konsensus”. Empiriske måleeiningar og naturvitskap reknast under ”fakta”, medan sanninga i denne forståinga ikkje kan definerast som eksakt empiri (jmfr. Gadamer: Sanning og metode). Ho sa og: ”Sannheten er det du veit om deg selv når du er alene.”

Folkeopplysing.

Medan den sannkjenningsteoretiske tanken formulert over er individorientert, vart Suttung eit folkeopplysingsprosjekt definert ut frå ei samanbinding mellom misjonsbodet og sosialistisk tankegods: Alle har krav på opplysing. Dette fører med seg at dei som har fått, skal gje det vidare. Den individorienterte sanningstanken som er definert over, inneber sjølvsagt at formidlinga vert ulik frå berar til berar, av di alle lyt finne sin metode og veg vidare. Sjølve den grunnleggjande sanningstanken legg hinder i vegen for dogmatikk. Innhald er viktigare enn form. IRH hadde og klårt for seg at ein aldri skal undervurdere folket, eller hevja seg over same, av di desse er basis for eit sunt demokrati. Her finn ein røtene hjå Rousseau, Komensky og Wergeland att (og sjølvsagt Matteus). Nøkkelsitat: Alle er et vanskelig ord. Tilhøva mellom kollektiv og individ blir eit spørsmål om samfunnspakt (Rousseau).

Mykje av tankegodset, slik det er formulert av IRH, har eldre røter. Ho var sjølv medveten på at det ikkje skulle stogge med henne, korkje på den eine eller andre måten. Ho var sjølv ein lekk i ei lang tradisjonsline.

Kultursyn og danning

Som ein direkte konsekvens av folkeopplysingstanken finn ein danningstanken. Idéen om danning spring ut av tanken om ”indre danning”, motsett ”ytre danning”, kultur sett som organisk vokster motsett eit ytre sivilisasjonsomgrep. Tanken er formulert mellom anna hjå Wergeland, men og hjå Almquist og Aasen. Grunntanken handlar om framvoksteren av ”gudsbiletet i mennesket”.

Grunnfilosofien kan finnast hjå ei rekkje forfattarar (Suttungs sentrallitterære pensum):

  • Wergeland: Mennesket
  • Dante: La Divina Commedia
  • Platon: Faidros
  • Kierkegaard: Enten-eller
  • Hagen: Livsfrisen